September

Tekst: Marie Takvam.
Foto: Birgitte Simensen Berg

hortensia rosa

September, dine auger har glimt av is
under den klåre kvelving.

Eg kler meg i silkekjole
og dansar varmen i meg.

Du skrattar med raudt visnande gras for mine føter
og kvit røyksopp i hagen.

Tropiske stormar herjar mitt blod.
Snart varm, snart kald.

Alt skjer langt, langt borte
og mine hender kan ikkje lindre noko!

Legg igjen en kommentar