Snømorgon

Eit under hende stilt i natt:
Vi sov, og det har snødd.
Og alle vegar grodde att
der alle folk har trødd.

Vi trør og trør, men sjå, om litt
er faret grødd på ny.
Og jorda ligg i nysnø-kvitt
i første gråe gry.

Halldis Moren Vesaas

Legg igjen en kommentar